1100 besøkte det nye kunstmuseet

Det var kø for å komme inn på kunstmuseet. Dessverre var det mange som ikkje høyrde opningstalane, på grunn av eit dårleg høgtalarinnlegg.

Det var kø for å komme inn på kunstmuseet. Dessverre var det mange som ikkje høyrde opningstalane, på grunn av eit dårleg høgtalarinnlegg. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

1100 personar var innom Sogn og Fjordane Kunstmuseum på opningsdagen.

DEL

Museumsdirektør Morten Johan Svendsen og ordførar Olve Grotle i Førde var overvelda over besøket og mottakinga då kunstmuseet opna dørene for publikum laurdag ettermiddag.

Hadde rekna med 300

- Vi hadde rekna med 300, tenkt at det kanskje kom 500 og sa at 800 var i alle fall maks, fortalde Svendsen til Firda.

Han tenkte på tryggleiken, men med Førde brannvesen i døra og på taket, og med Røde Kors hjelpekorps i beredskap, meiner han at alt var under kontroll.

- Noko meir enn handelshus

Alle slapp ikkje inn samstundes, og dei som stod bakarst i køen måtte vente på at andre kom ut og gjorde plass.

- Sist helg stilte 1700 på "Førde Opp" i Bystien og i dag samlar vi 1100. Det er fantastisk og viser at folk vil ha noko meir enn berre handelshus, sa ordførar Grotle.

Sjå biletserie frå opninga: Folkefest for kunsten .

Mange breie smil

Publikum kom frå store delar av fylket, og dei fleste hadde eit breitt smil om munnen og ein hyggjeleg kommentar til dei unge dansarane som rulla ut den raude lauparen og stod "æresvakt" for publikum.

Opningsseremoni

Sjølve opningsseremonien med talar, musikk og dans gjekk føre seg på plassen mellom det nye museet og høgblokkene på den gamle meieritomta.

Frå kulturmjølk til...

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) stod for den offisielle opninga, og ho gjorde nettopp eit nummer av at no var kulturmjølka erstatta av kunst og kultur i kvardagen. Der det før var meieri og osteproduksjon, er det no kontor, bustader og kunst.

Også byutvikling

Kjelsnes understreka at nybygget skal vere for alle, og ho sa at det er ikkje lov å seie at noko ikkje er "fint" nok til bygget.

Fylkesordføraren og ordførar Olve Grotle (H) understreka også at bygget og institusjonen og plasseringa er viktig for byen.

Moderne og vakrare

- Mange i Førde har lenge ønska å gjere byen vakrare og meir moderne, og kunstmuseet er ein viktig del av dette, sa Grotle.

Kunstmuseet har ope søndag frå klokka 12 til 16.

Artikkeltags