100 kr for å køyre Kystveg-tunnel

MANGLAR MILLIONAR: Bompengar løyser berre ein del, og fylkeskommunen ser ikkje føre seg å kunnne stille pengar til store prosjekt som Kystvegen, varslar fylkesdirektør Velaug Veum. Her er ho i samtale med vegvesenets Nils Magne Slinde og fylkesrådmann Tore Eriksen (t.h.) under fylkestinget i Loen i oktober.

MANGLAR MILLIONAR: Bompengar løyser berre ein del, og fylkeskommunen ser ikkje føre seg å kunnne stille pengar til store prosjekt som Kystvegen, varslar fylkesdirektør Velaug Veum. Her er ho i samtale med vegvesenets Nils Magne Slinde og fylkesrådmann Tore Eriksen (t.h.) under fylkestinget i Loen i oktober. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

I tillegg til bompengefinansiering må stat eller fylke må ta 326 mill kr av tunnelkostnad på 655 mill kr – og fylkeskommunen har ikkje pengar.

DEL

Det vil kome til å koste å køyre tunnelen mellom Svelgen og Indrehus i Bremanger, og ta den ytre brua over Nordfjord, den dagen desse delprosjekta på Kystvegen står ferdige. Begge stadar kan det kome til å bli bompengeprisar på 100 kroner (2014-kr) for lette køyrety. Det viser eit notat Statens vegvesen har laga.

Fylkeskommunens samferdsledirektør Velaug Veum konstaterer med utgangspunkt i dette notatet at bompengefinansiering vil vere eit viktig bidrag til realisering av prosjekta på Kystvegen, men det blir trong for store andre løyvingar i tillegg. Finansieringa av Kystvegen blir tema, når samferdsleutvalet i fylket møtest i neste veke. Kystvegen blir sett på som ein viktig framtid sambindingsveg mellom Måløy og Florø, og er også tenkt vidareført sørover langs kysten av fylket.

Fylke utan pengar

– Arbeidet med å skaffe statleg løyving til prosjekta på Kystvegen er ei oppgåve som det må arbeidast med på politisk nivå, skriv Veum, som for sin del ikkje tenner voner om fylkeskommunale millionar:

– I den komande økonomiplanperioden er den fylkeskommunale økonomien pressa, og det er ikkje funne rom for å starte opp større investeringsprosjekt på fylkesvegnettet.

Tunnel og ferje eller bru

Berekningane som no blir lagt fram, konsentrerer seg om strekninga Svelgen–Indrehus i Bremanger, og ferje- eller brusambandet ein ser føre seg over Nordfjord mellom Rugsundøy og Vemmelsvik, aust for Måløy. Desse ligg fremst i køen av dei neste delprosjekta på Kystvegen, men står på marginallista for store investeringsprosjekt i den Regionale transportplanen. Fylkestinget bad i fjor om å få vurdert bruken av ferjeavløysingsmidlar, brukarfinansiering og statleg løyving på minst 200 mill kr.

Utbetringa mellom Svelgen og Indrehus handlar om ein tunnel på 4,4 km, pluss vegtilknyting på begge sider, til ein kostnad av 655 mill kr. Statens vegvesen meiner tunnelsambandet vil kunne finansierast med 105 mill kr i momsrefusjon, 233 mill kr i bompengar, og 327 mill kr i statleg eller fylkeskommunal finansiering.

Førehandsinnkreving?

For alternativet med ferjeløysing mellom Rugsund og Vemmesvik, reknar Statens vegvesen med at bompengebidraget kan finansiere eit lån tilsvarande 86 mill 2014-kroner. Så langt, er det ikkje avklara om fjordkryssinga skal skje med ferje, eller med bruløysing. Blir det ei bruløysing, ser Statens vegvesen føre seg først ei førehandsinnkreving av bompengar på Måløy–Oldeide-ferja med ein takst på 50 kr for lette køyrety, fram til brua står ferdig, og deretter ein takst på 100 kr (2014-kr) over ein periode på 15 år. Samla, vil dette gi ei bompengebidrag til brufinansieringa på 388 mill kr, meiner Statens vegvesen.

Ventar på avklaring

I tillegg til brukarfinansieringa, håpar ein også på å kunne dra nytte av ei eventuell ferjeavløysingsordning, der sparte ferjekonstnader blir nytta til å bygge vegsamband. Men her ventar fylkeskommunen på avklaringar frå staten.

Berekningane Statens vegvesen no har gjort, syner at det vil vere nødvendig med ein stor del andre løyvingar, i tillegg til brukarfinansiering. Dette gjeld både når ein ser prosjekta samla og enkeltvis. Når det gjeld prosjektet Svelgen–Indrehus, vil ei statleg løyving på minst 200 mill kr kunne gi eit monaleg bidrag til prosjektfinansieringa, slår Statens vegvesen fast.

Artikkeltags