Har du ei berekraftig rumpe?

BEREKRAFT: I eit innslag i NRK var ein treningsmotivator frå indre Sogn henta inn for å snakke om kor viktig det er å ha ei sterk og berekraftig rumpe – og kva som må til for å få det.

BEREKRAFT: I eit innslag i NRK var ein treningsmotivator frå indre Sogn henta inn for å snakke om kor viktig det er å ha ei sterk og berekraftig rumpe – og kva som må til for å få det. Foto:

Ordet vert plaga og misbrukt, men endeleg gav det meining.

DEL

YTRING: Eg starta som bladfyk i arbeidsveka i 8. klasse, i Møre-Nytt i Ørsta. Den gongen brukte lokalavisa klisjéar for å trykke annonsar og bilde. Avisa hadde annonsar for Ørsta Elektriske, klede- og sportsbutikken Lannerholm og for S-laget, og mange fleire levande butikkar som den gongen skapte liv i ei gate som i dag minner om ein spøkelsesby i Det ville vesten – i skuggen av det store kjøpesenteret.

Når desse trykkplatene – klisjéane – var nedslitne, måtte redaktøren og trykkaren skaffe nye.

Klisjéane hadde gjort sitt og måtte erstattast.

Trykkekunsten har endra seg, og i dag vert klisjé oftast nytta om ord og uttrykk som vert så mykje brukte – og misbrukte – at dei har mista all verdi og innhald.

Smitten spreier seg

Har du høyrt om berekraft og berekraftig i dag? Eg veddar på at svaret er «Ja».

Det er truleg politikarane som er dei hyppigaste misbrukarane. Dei strør rundt seg med berekraftige forslag. Alt skal bli såre vel, for oss alle, berre vi høyrer på siste talar og støttar ei berekraftig løysing.

Byråkratar, bedriftsleiarar og organisasjonsfolk er ikkje så mykje betre. Det skumle er at smitten ser ut til å spreie seg til andre, språksterke folk som elles er i stand til å kalle ein spade for ein gravemaskin.

Hugs breitt fokus

Andre ord som har mista meining, er: fokus, robust, harmonisere, implementere, optimalisere, realisere, på sikt (og mellomlang sikt, hehe, godt forsøk), risikofaktor og problemstilling.

Eg har til og med høyrt folk i riksdekkande medium snakke om breitt fokus. Det må vere verbal vald mot ei gruppe som allereie ligg nede, den stadig minkande fotografstanden.

Kva er grunnen til at så mange av oss brukar desse orda, ukritisk? Er det giddeløyse eller fantasiløyse, eller kunnskapsløyse.

Gøymer seg bak språket

Eg mistenker at mange av dei som slenger rundt seg med desse og andre klisjéar, ikkje veit kva den geniale, berekraftige løysinga deira går ut på. Verken på kort, mellomlang eller lang sikt ...

Pratmakarane gøymer seg bak språket.

Det må vi, journalistar som får betalt for nettopp det, og andre som bryr seg om språket vårt, vere med å avsløre og forlange ein slutt på.

Skrudde opp radioen

For ikkje så mange dagar sidan, medan eg tenkte på å skrive ei ytring om dette temaet, vart berekraftig brukt i ein samanheng som fekk sjølv ein garva bladfyk til å skru opp volumet på radioen.

I eit innslag i programmet «Holm» i NRK var trenar og treningsmotivator Yngvar Andersen henta inn for å snakke om kor viktig det er å ha ei sterk og berekraftig rumpe – og kva som må til for å få det.

Først smilte eg i dei tre dagar gamle skjeggtustane, rista på hovudet og tenkte «Nei, ikkje her også. Berekraftig rumpe! Det er det einaste som manglar for å gjere den språklege toskeskapen komplett.»

På stødig sognemål forklarte Andersen kor viktig ei sterk rumpe er for å halde opp ryggen og det andre rammeverket i kroppen. Og ja, han overtydde meg om at ei berekraftig rumpe kan vere nyttig og kjekt å ha.

Eit tips til slutt

Etter å ha googla bærekraft og berekraft, fekk eg over 3,6 millionar treff på under eit halvt sekund. 97,2 prosent av dei på bokmålsvarianten av ordet. Omgrepet vart brukt første gong i 1987, i FN-rapporten «Vår felles framtid», eit arbeid Gro Harlem Brundtland leia.

Det er ofte smart å sjekke den opphavlege tydinga av eit ord.

På Internett fann eg også artikkelen «Hvorfor er vi så drittlei bærekraft?”. Då smilte eg enda breiare i skjeggstubbane.

Denne ytringa vart først publisert på heimesida til Nynorsksenteret, eit nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa.


Artikkeltags