Forskarar vil vite om nordmenn liker sommartid eller vintertid best

MOT SOMMAREN: No vert det mørkare kveldar. I natt skal klokka stillast ein time tilbake. Det betyr at kommande døgn blir ein time lenger, at det blir lysare om morgonen, men mørkare om kvelden.

MOT SOMMAREN: No vert det mørkare kveldar. I natt skal klokka stillast ein time tilbake. Det betyr at kommande døgn blir ein time lenger, at det blir lysare om morgonen, men mørkare om kvelden. Foto:

Av
DEL

Ordninga med sommartid kan stå for fall. No vil forskarar høyre kva nordmenn meiner om saka og om fleirtalet helst ønsker sommartid eller vintertid året rundt.

Natt til søndag klokka 3 må klokka igjen stillast tilbake til vintertid i Noreg og over 70 andre land. Men vekslinga mellom sommartid og vintertid kan snart vere over i Europa. I EU blir det no diskutert eit forslag om å gå bort frå systemet. Det er uklart kva Noreg kjem til å gjere. Ei forskingsgruppe ved Universitetet i Bergen ønsker no å undersøke kva nordmenn meiner.

Sei di meining

– Vi veit at meiningane er delte. Mange er forbanna over forslaget om å avvikle sommartid, medan andre synest det er kjempebra. No vil vi vite kva fleirtalet meiner, seier professor Bjørn Bjorvatn ved Universitetet i Bergen til NTB.

Bjorvatn leier Nasjonal kompetanseteneste for søvnsjukdommar og er ansvarleg for undersøkinga. Han håper så mange som mogleg vil gå inn på lenkja www.sovno.no for å seie meininga si.

– Vi håper at meir enn 20.000 nordmenn svarer på undersøkinga. Jo fleire svar, jo lettare blir det å konkludere når det gjeld kva nordmenn meiner, seier Bjorvatn.

Då EU gjennomførte ei tilsvarande undersøking i 2018, svarte 84 prosent at dei ønskte å skrote sommartida.

Vil sjå på geografiske forskjellar

Dei som svarer, vil få ei automatisk tilbakemelding om dei fell inn under gruppa A- eller B-menneske. Om det er nokon forskjell i preferansar mellom dei to gruppene, er éin av tinga forskarane vil undersøke.

Forskarane er òg spente på om undersøkinga kan avdekke geografiske forskjellar.

– Det er jo stor forskjell på når sola står opp om morgonen og når ho går ned om kvelden avhengig av kvar du bur i landet. Mellom til dømes Aust-Finnmark og Bergen kan det jo vere mange timar forskjell avhengig av årstid, og også mellom Oslo og Bergen er det nærare ein halvtimes forskjell. Dette kan godt ha noko å seie for kva ein føretrekker av sommartid eller vintertid, men dette er ikkje tidlegare undersøkt, seier Bjorvatn.

Ventar på EU

Forskargruppa meiner undersøkinga vil gi nyttige svar som kan brukast når styresmaktene skal ta stilling til om Norge skal halde fram eller slutte med å veksle mellom sommar- og vintertid.

Noregs tidsminister, næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H), har òg varsla at regjeringa vil sende spørsmålet ut på høyring.

Han seier norske styresmakter no ventar på behandlinga i EU. EU-kommisjonen har foreslått å gå bort frå ordninga, og det går for tida føre seg diskusjonar i rådet om saka. Målet er at EU-landa skal bli samde i byrjinga av desember. Sidan kvart medlemsland kan få bestemme om dei vil halde fram med sommartid eller ikkje, kan forslaget innebere større tidsforskjellar i Europa.

Noreg har hatt sommartid kvart år sidan 1980, og dessutan i nokre periodar tidlegare.

Fakta om vintertid og sommartid

Natt til søndag 27. oktober må du stille klokka ein time tilbake.

  • Ei ordning med å stille klokka ein time fram om våren og ein time tilbake på hausten igjen. I Norge blir dette ofte kalla sommartid og vintertid. Det er vintertida som blir rekna som normaltid.
  • Norsk normaltid ligg éin time føre universaltid. Ved overgang til sommartid blir norsk tid liggande to timar føre universaltid.
  • I dag nyttar 76 av landa i verda systemet med sommartid, det vil seie mindre enn 40 prosent av landa i verda.
  • Meir enn 140 land har på eit eller anna tidspunkt brukt sommartid. Rundt halvparten har avvikla ordninga.
  • EU-kommisjonen foreslo i fjor haust å slutte med sommartid, saka er enno ikkje ferdig behandla. Det er venta at Norge vil følgje etter dersom EU kuttar sommartida. Ei eventuell endring vil truleg skje i 2021.
  • Sidan kvart medlemsland kan få bestemme om dei vil halde fram med sommartid eller ikkje, kan forslaget innebere større tidsforskjellar i Europa.
  • Ordninga har vore grunngitt med å få lengre og lysare kveldar om sommaren, og dessutan energisparing. Nokre land innførte sommartid under første verdskrigen for å spare kol som skulle brukast i krigen. Det blir sagt at George Hudson var den første som foreslo sommartid. Han var forskar og ønskte seg meir sol på kvelden for å drive med insektsamling.
  • Det er dokumentert at det å kappe ein time søvn om våren når vi går til sommartid, kan ha uheldige effektar på helsa. På verdsbasis går både talet på hjarteinfarkt, psykiatriske innleggingar og trafikkuhell opp dagen etter.
  • Noreg hadde sommartid første gong i 1916, deretter 1940–45, 1959–1965 og så kvart år sidan 1980.
  • Ein god hugseregel for kva for ein veg klokka skal stillast, er å tenke at ein om våren ser fram til sommaren og stiller dermed klokka fram. På hausten lengtar ein tilbake til sommaren og stiller klokka tilbake.

Kjelder: Nærings- og fiskeridepartementet og timeanddate.no og Nasjonalt kompetanseteneste for søvnsjukdommar.

(©NPK)

Artikkeltags