– Vindkraft gir 800 millionar skattekroner per år

VINDKRAFT: Spesialrådgivar Andreas Aasheim i vindkraftforeininga Norwea meiner vindkraftnæringa har fått eit urettferdig rykte på seg, for i motsetning til vasskrafta å ikkje betale skatt. Illustasjonsbildet er tatt ved Kråkenes på Stad.

VINDKRAFT: Spesialrådgivar Andreas Aasheim i vindkraftforeininga Norwea meiner vindkraftnæringa har fått eit urettferdig rykte på seg, for i motsetning til vasskrafta å ikkje betale skatt. Illustasjonsbildet er tatt ved Kråkenes på Stad. Foto:

Av

Vindkraftforeininga Norwea meiner vindkraftnæringa har fått eit urettferdig rykte på seg, for i motsetning til vasskrafta å ikkje betale skatt. I Norwea er dei tvert imot stolte over dei «enorme skatteinntektene» dei genererer til stat og kommune.

DEL

– Vi noterer oss jo at somme prøver å framstille det som at vindkraft «ikkje betaler skatt», men då er det mange bransjar som «ikkje betaler skatt». Vindkrafta vil betale ein stad rundt 800 millionar kroner i selskapsskatt i året i gjennomsnitt dei neste 25 åra, seier spesialrådgivar Andreas Aasheim i Norwea til bransjenettavisa Enerwe.

Når eigedomsskatten blir rekna med, kjem det årlege skattebidraget frå vindkrafta opp i rundt ein milliard kroner per år, ifølgje overslaga til Norwea.

Aasheim peikar på at vindkraft på land inntil nyleg har vore avhengig av subsidiar, og at det tar tid frå eit selskap gjer investeringar i eit anlegg til det går med overskot og kjem i skatteposisjon.

Likevel betaler vasskraftverka på same måten som olje- og gassnæringa vesentleg meir skatt i form av ein grunnrenteskatt, som i 2020 gir ein samla skattesats på 59 prosent for desse næringane, ifølgje Enerwe. Men vindkraftnæringa har ikkje den superprofitten som er grunnlaget for denne særskatten, understrekar Aasheim. Aasheim vil heller vil samanlikne vindkrafta med andre næringar, til dømes overnattings- og serveringsnæringa, som i 2018 betalte rundt 600 millionar i inntektsskatt. Då meiner han vindkraftbransjen kjem godt ut.

– Vi er rett og slett stolte over dei enorme skatteinntektene vi genererer til stat og kommune, seier Aasheim til avisa.

Det såkalla kraftskattutvalet tilrådde i haust styresmaktene å vurdere å innføre grunnrenteskatt og naturressursskatt på vindkraft, som for vasskraft. Høyringa om forslaget til nasjonal ramme for vindkraft på land, som Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) la fram i vår, avdekte elles sterk motstand mot vindkraftutbygging over heile landet. Mange lokale aksjonsgrupper og fleire hundre privatpersonar sende inn fråsegner som vende tommelen ned for vindkraft i høyringa.

Andre saker om vindkraft:

Artikkeltags