Uaktuelt å forlenge frist for vindkraft etter 2021

Av

NVE varslar at det ikkje vil bli gitt forlengd frist for å setje i drift nye vindkraftanlegg på land etter utgangen av 2021.

DEL

– Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) vil ikkje gi forlengd frist for å setje vindkraftverk i drift utover 31. desember 2021, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i ei pressemelding.

Praksisen gjeld for vindkraftkonsesjonar på land som enno ikkje er realisert.

– Dette er datoen ordninga med elsertifikat blir avslutta. Fristar for å setje i drift prosjektet kan forlengast fram til denne datoen, men vil normalt ikkje bli forlengd utover dette, seier NVE-sjefen.

Det er gitt vel 90 konsesjonar til vindkraftanlegg på til saman cirka 22 TWh på land i Noreg. Per tredje kvartal 2019 var 6,7 TWh sett i drift og 7,3 TWh under bygging. NVE forventar at fleire av anlegga som har fått konsesjon, vil bli realisert.

– Ein praksis med å gi utsetjing til utgangen av 2021, men ikkje lenger, vil vere i tråd med søknadene NVE har behandla til no. Vi gjer tydeleg dette gjennom brev til konsesjonærane for å gi klar saksbehandlinga framover, seier Lund.

Slik meiner NVE vi kan få likare nettleige

Ordføraropprør: Ber eigarkommunane på Austlandet stoppe Zephyr

Artikkeltags