Vindkraftselskap manglar planar for å rydde opp i vindparkar

Dersom framlegget til ny plan- og bygningslov blir vedteke, kan Staten bestemme kvar det skal byggast vindkraftanlegg her i landet - utan at berørte kommuner kan sette foten ned.
Her frå vindmølleparken på Smøla.

Dersom framlegget til ny plan- og bygningslov blir vedteke, kan Staten bestemme kvar det skal byggast vindkraftanlegg her i landet - utan at berørte kommuner kan sette foten ned. Her frå vindmølleparken på Smøla. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I dag er det 36 vindkraftverk med 625 turbinar i Noreg. Ingen veit kva det vil koste å fjerne kraftverka og reparere naturinngrepa når levetida er over.

DEL

I energilovforskrifta heiter det at vindkraftverka skal tilbakeførast til den opphavlege tilstanden til naturen, så langt det lèt seg gjere. Det er vanleg å berekne ei levetid på 25 år for ein vindpark, og NVE gir ein konsesjon på 25–30 år frå produksjonsstart.

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) seier dei ikkje har tid til å følgje opp, sjølv om det har vore eit krav om dette sidan 2001, melder NRK.

NVE har ikkje prioritert saka

– Her er det armar og bein, og vi har ikkje hatt ressursar til å prioritere arbeidet. Vi vil undersøke dette når vi har kapasitet. Då vil det vere aktuelt å vurdere sanksjonar der det er nødvendig, seier seksjonssjef Arne Olsen i NVE.

Kravet til garanti og kostnadsanalyse for tilbakeføring av vindkraftanlegg til natur gir ein peikepinn på kva det vil koste å reparere eit vindkraftområde. Ein slik garanti skal òg sikre at kraftverka tar denne kostnaden.

Juridisk rådgivar Vidar Lindefjell i organisasjonen La Naturen Leve meiner det heile er oppsiktsvekkande.

– Kravet har vore gjeldande lenge. Kva er det NVE driv med? Det er lite vits med slike krav om ein ikkje følgjer opp, seier Lindefjell til NRK.

Olsen i NVE seier ansvaret ligg på vindkraftverka.

– Det er konsesjonæren si plikt å passe på at desse vilkåra blir oppfylte. Her kan det bli konkrete sanksjonar til aktuelle selskap.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken