Ny rapport skal gjere kraftmastene mindre synleg

Av

NVE meiner den ny rapport om det visuelle inntrykket av kraftmaster kan gi mindre konflikt. No skal nettselskapa få vite kva master som passar inn i kva landskap.

DEL

Korleis kraftmaster blir opplevd i naturen er blant det som skapar mest konflikt, derfor har NVE fått utarbeida ein rapport som tar for seg kva mastetypar som tar seg best ut i ulike landskap.

NVE skriv på sine nettsider at formålet med rapporten er å gi nettselskap og konsulentar som lager nye prosjekt og byggjer leidningar kunnskap om kva master som tar seg best ut i landskapet.

– Vi meiner nettselskapa kan bli flinkare til å variere bruken av mastetypar. Ved å velje mastetypar som i større grad er tilpassa landskapet dei går i, kan kor synleg og leidninga er og landskapsverknadane bli mindre., seier seksjonssjef i NVE, Lisa Vedeld Hammer, i ei pressemelding.

Artikkeltags