Sette i gang stor leiteaksjon på Viksdalen. Så viste det seg at kvinna ikkje var på fjelltur...

DEL

SISTE: Politiet melder klokka 18.35 at leiteaksjonen er avslutta. Politiet har opplysningar om at kvinna har reist frå området, og at ho ikkje har lagt ut på tur slik som ein først trudde.

Innsatsleiar Joachim Malterud ved Førde lensmannskontor fortel at dei valde å avslutte leiteaksjonen etter å ha konkludert med at kvinna frivillig har tatt seg tilbake mot Tyskland, der ho kjem frå.

– Det har skjedd av ukjende grunnar, men ho har ikkje gitt beskjed til reisefølge om dette.

Sette i gang leiteaksjon

Kvinna blei meld sakna i Viksdalen onsdag ettermiddag. Det melde Vest politidistrikt like før klokka fem.

Det blei sett i gang leiteaksjon. Både Røde Kors og Norske Redningshunder deltok i leitinga.

Malterud seier at politiet ikkje har vore i dialog med kvinna direkte, men at kombinasjonen av vitneobservasjonar samt kontakt med familie i Tyskland, gjer at dei kjenner seg så trygge på at kvinna har reist mot heimlandet av fri vilje at dei valde å avslutte aksjonen.

Malterud takkar samtidig dei frivillige frå både Røde Kors og Norske Redningshunder for at dei stilte opp og deltok aktivt i søket.

Trudde ho var på fjelltur

– Ho skal ha lagt ut på tur i dag tidleg, saman med ein hund. Vi veit ikkje kor ho hadde planar om å gå, men andre i reisefølget kontakta politiet då ho ikkje hadde komme tilbake i ettermiddag, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit.

Ingen i reisefølge visste eksakt kor kvinna skulle, og derfor heller ikkje kor tid ho burde vore tilbake. Dei melde frå til politiet for nokre timar sidan, sa Kolltveit klokka fem, men det var først like før klokka fem at det vart sett i gang leiteaksjon etter ho.

– Vi valde å vente litt og sjå, men sidan ho no framleis ikkje er komen tilbake set vi i gang ein leiteaksjon, sa Kolltveit då.

Fleire leiteaksjonar

Tysdag kveld vart det også sett i gang ein leiteaksjon etter turgåarar. Då var det tre personar som hadde vore på tur mot Bjørnabreen i Balestrand som måtte ha hjelp til å komme seg ned att etter at dei blei overraska av snøvêr.

Førre veke var det endå ein leiteaksjon i fjella, då etter ein nederlandsk turist i Askvoll. Han hadde brote foten og vart funnen ved DNT-hytta Nipebu eit døgn seinare:

Artikkeltags