Brannvesenet sløkker pipebrann på Viksdalen

Artikkelen er over 1 år gammel

GAULAR: Tre bebuarar i huset, men ikkje melding om personskade.

DEL

Brannvesenet er på staden på Viksdalen for å sløkke ein pipebrann i ein eldre bustad. Pipebrannen blei varsla av ein nabo.

Det er registrert tre personar på adressa, opplyser Frode Kolltveit, operasjonsleiar i politiet.

– Det er ikkje meld om personskade, seier han.

Ein ambulanse er sendt til staden, i tilfelle nokon av bebuarane skal ha pusta inn røyk. Politiet har avventa med å sende nokon til staden førebels.

– Slik ting ser ut, er det ikkje behov for oss. Men om det kjem ei kontramelding, kan vi sende nokon, seier Kolltveit.

Brannvesenet jobbar med å sløkke pipebrannen både frå taket og innsida av huset.

– Vi har ikkje fått melding om brann nokon annan stad enn pipa. Eg reknar med dette er i trygge hender, seier Kolltveit.

Artikkeltags