Gjekk isras i vegen

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Entrepenør er sendt for å rydde opp isras i Viksdalen.

DEL

Det har gått isras på fylkesveg 610 ved Matbjøra i Viksdalen. Det melder NRK Sogn og Fjordane.

Ifølge trafikkoperatør Roger Nedberge ved Statens vegvesen, er det ikkje snakk om det heilt store raset.

– Det er noko is i vegbana, men det er passasje der. Det er så mildt for tida, så isen dett ned, seier han til Firda.

Dei fekk melding om israset klokka 07.06, og entrepenør har blitt sendt for å ordne opp.

– Ein kan nok skrape det vekk med plog, seier Nedberge.

Artikkeltags