50 meter breitt ras stenger fylkesveg. I dag opnar den igjen

Fv. 5602 mellom Feios og Fresvik har vore stengd sidan søndag.

DEL

Eit 50 meter breitt ras tok med seg delar av vegen og rekkverket på fylkesvegen i Vik.

– Vi skal opne vegen klokka 16.00 om vi kan opne vegen att. Vi held på å lage ein mellombels omkøyringsveg og håpar å bli ferdig med den i dag slik at vi kan opne for trafikk.

Det seier byggjeleiar Geir Ove Engebø i Statens vegvesen til Firda.

Måndag var det geolog på staden. Då var det ikkje trygt å starte oppryddingsarbeidet grunna fare for nye ras. Elles har det vore jobba kontinuerleg. 1. nyttårsdag vart det utført sprengingsarbeid.

Torsdag er det meldt ein god del vind og nedbør også, men førebels ser ikkje det ut til at det vil skape problem for vegopninga.

Engebø fortel at årsaka til raset truleg er sørpeskred lenger opp i fjellsida.

– Det har laga ein propp som då har kome nedover mot vegen. Raset var 50 meter breitt og 20 meter på det høgste, fortel han.

Heldigvis vart ingen skadd i raset. Det er heller ikkje meldt om skadar på hus.

– Det har vore enorme krefter i sving, seier Olav Kåre Rendedal i Presis vegdrift til Sogn Avis.

Han fortel at eit røyr under vegen er trykt saman som eit trekkspel, og at det ser ut til å ha fare stein gjennom lause lufta.

Artikkeltags