Vogntog vingla og køyrte midt i vegen – politiet fann ingenting anna enn trøytt 29-åring

Artikkelen er over 1 år gammel

VIK I SOGN: Politiet fekk laurdag melding om eit utanlandsk vogntog med vinglete køyring ved Fresvik i Vik kommune.

DEL

Vogntoget har også køyrt midt i vegbana, og det er mistanke om ruspåverknad.

Ein patrulje er på veg for å sjekke føraren av vogntoget, som har stoppa på ei utkøyrsle mot Vik.

Politiet fekk meldinga om køyringa klokka 11.40.

Seinare melder patruljen at føraren blåste grønt på promilletesten. Han vart sjekka nærare, men det var ingen teikn til ruspåverknad. Det vart derimot meldt at han truleg var trøytt.

Føraren, som var ein mann på 29 år, vart difor funne ok og dimittert.

Artikkeltags