Steinras i Vik – Vegen opna igjen

DEL

Trafikkoperatør i Statens vegvesen, Hanne Nordheim, opplyser at fylkesveg 180 er opna igjen og at trafikken går som normalt.

– Det er ikkje opplyst om skade på veg eller rekkverk, seier Nordheim.

Raset skjedde kring 05.15 måndag morgon, og vegen vart opna igjen klokka 11.

Vegtrafikksentralen Vest melde på Twitter klokka 06.04 måndag at eit ras stengde fylkesveg 180 mellom Feios og Fresvik.

Det skal vere snakk om to store steinar som har rasa ned på Fresvik. Den eine steinen er på storleik med ein liten bil, opplyser trafikkoperatør Morten Hansen frå Statens vegvesen.

– Det kan ta litt tid før vegen blir opna igjen. På grunn av storleiken på steinane treng vi hjelp av maskiner og utstyr for å få dei vekk frå vegen.

Artikkeltags