Bil har køyrt av vegen ved Fresvik

Artikkelen er over 1 år gammel

SOGN: Politiet melder om ei trafikkulykke ved Fresvik i Vik. Naudetatane er på veg til staden.

DEL

Politiet melder om ei singelulykke ved Vigdal, ti minutt frå Fresvik i retning Vik.

Det var forbipasserande som melde frå om ulykka.

Bilen skal ifølge politiet ha køyrt ut av vegen, men airbagen er ikkje utløyst. Ei siderute på bilen skal etter det politiet kjenner til vere knust. Det er heller ikkje meldt om personskadar, men naudetatane rykker likevel ut.

Bilføraren er vaken, og ser ikkje ut til å ha ytre skader, men er i sjokk og prega av hendinga.

Bilen har skader på venstre side og er ikkje køyrbar. Bergingsbil er bestilt.

Det er passasje for anna trafikk forbi ulykkesstaden.

Artikkeltags