To personar frakta i ambulanse etter kollisjon mellom to lettmotorsyklar

Artikkelen er over 1 år gammel

VIK I SOGN: Ein lettmotorsykkel køyrde inn i sida på ein annan. Tre ungdommar var involvert og to av desse er sendt vekk i ambulanse.

DEL

Politiet melder tysdag kveld om ei trafikkulykke i Seljedalsvegen i Vik i Sogn. To lettmotorsyklar var involvert, og Siv Sørstrand ved Alarmsentralen i Førde fortel at den eine lettmotorsykkelen kolliderte i sida på den andre.

– Den eine lettmotorsykkelen hadde to personar på og stod i ro, så køyrde den andre inn i den i sida, seier Sørstrand.

Tre ungdommar var involvert, og to av desse er sendt frå staden i ambulanse. Det er ikkje kjent kven av dei tre som vart sendt med ambulansen.

Ifølgje politiet skal det vere snakk om lettare skadar.

Artikkeltags