Rykker ut til rans-alarm på legekontor i Vik

Artikkelen er over 1 år gammel

VIK: Politiet rykker ut til eit helsetun etter at det har kome inn ein ransalarm.

DEL

Politiet har rykka ut etter at det har kome inn ein ransalarm frå Helsetunet i Vik, opplyste politiet fredag ettermiddag like før klokka 14.00.

Dette er legekontoret i Vik.

– Det er ein tryggleiksalarm som har gått av, men den har kome inn som ein ransalarm. Vi reiser ut for å sjå kva dette er for noko, sa operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Etter å ha vore på staden viste det seg at det ikkje var snakk om noko ran på staden:

– Oppussingsarbeid på staden. Feilt utløyst alarm. Politiet avsluttar, opplyste Vest politidistrikt klokka 14.08.

Artikkeltags