Bil har kollidert – mistenker promillekøyring

Artikkelen er over 2 år gammel

VIK I SOGN: Ein mann og ei dame i 30-åra kolliderte med bilen sin. No trur politiet dei veit årsaka.

DEL

Operasjonssentralen i Vest politidistrikt rapporterte måndag om ei trafikkulykke på fv. 182 på Djupevik i Fresvik i Sogn.

Ein bil hadde kollidert og stod delvis ute i vegen, melde politiet. To personar var involverte og begge var ute av bilen.

– Dei skal vere oppegåande, uttalte operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Per Algrøy til Firda.

Politi og ambulanse rykte ut til ulykkesstaden.

– Det er ein bil som har køyrt av vegen, men vi veit ikkje så mykje meir om kva som har skjedd. Vi er snart framme på staden, sa Algrøy.

Det var store materielle skader på køyretøyet, som stod delvis ute i vegbana.

Klokka 13.30 seier politiet til Firda at dei mistenker at sjåføren køyrde i ruspåverka tilstand.

– Dei involverte er no på veg til legevakta for blodprøvetaking. Dei er elles uskadde, seier Algrøy.

Bilen er frakta vekk med bilberging. 

Artikkeltags