To personar til sjukehus etter brann i bustad

Artikkelen er over 1 år gammel

VIK: Alle naudetatane rykte ut då det i natt tok fyr i ei vifte i eit bustadhus på Vangsnes.

DEL

Brannen som vart varsla litt før klokka 03:00 i natt, starta truleg i ei vifte på badet i bustadhuset som ligg i Trovegen på Vangsnes i Vik kommune.

Det seier operatør Oddbjørn Aune ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane til Firda.

Alle som var i huset skal ha kome seg ut, og alle naudetatane rykte ut til staden.

– Dei som budde i huset hadde stort sett fått kontroll på brannen som truleg starta i ei vifte. Det var veldig mykje røyk, og grunna varmgang måtte brannmannskapa opne konstruksjonen for å vere sikre på at situasjonen var under kontroll. Bortsett frå det, gjorde brannen ikkje vesentleg skade på bygget, fortel Aune.

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Helse Førde melder på Twitter at tre personar fekk hjelp på staden grunna røykskadar.

Ein halvtime seinare meldte AMK at to personar vart køyrt i ambulanse til Voss sjukehus.

Artikkeltags