Dette er dei nye miljøkrava for verdsarvfjordane

TURISME: Cruiseskipet Discovery i Flåm.

TURISME: Cruiseskipet Discovery i Flåm. Foto:

Av

Frå 1. mars trer dei nye miljøreglane for verdsarvfjordane på Vestlandet i kraft. Kven gjeld dei for og kva følgjer får dei?

DEL

Dei nye miljøkrava gjeld for skip som seglar i Vestnorsk fjordlandskap, det vil seie Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden, Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden.

Fjordane står på verdsarvlista til Unesco, og sommarstid har det her vore tett mellom båtane og tjukk røyk frå skorsteinane på dei store cruiseskipa. Mange har reagert på røyken.

Er det no slutt på synleg røyk frå cruiseskipa?

Ja, Sjøfartsdirektoratet vil den gråe røyken og kvite vassdampen til livs. Innstramminga i miljøtryggingsforskrifta for skip og flyttbare innretningar forbyr bruk av reinsesystem som vaskar eksosen. Det gjeld både opne og lukka system til både luft og sjø.

Direktoratet peikar på at reinsesystema som finst i dag, gir synlege røykutslepp til luft, i tillegg til at nokre system også gir utslepp til sjø. Mange såkalla scrubberar brukar sjøvatn til å vaske eksosen og slepper vaskevatnet ut i sjøen igjen. Sjølv om ein del av den synlege røyken er vassdamp, gir den ei dårlegare oppleving av verdsarvfjordane våre, meiner Sjøfartsdirektoratet.

Miljødirektoratet meiner det er lite truleg at utslepp av scrubbervatn kan gi akutt forureining, men kan ikkje sjå vekk frå at giftstoff samlar seg inst i fjorden og gir negative miljøeffektar over tid.

Det blir også forbode å brenna avfall om bord skip i verdsarvfjordane, noko som vil vera med å redusera utsleppa av synleg røyk.

Forbyr tungolje

Det blir også stilt krav til drivstoffet skipa brukar medan dei er i verdsarvfjordane. Forskrifta krev at svovelinnhaldet maksimalt skal vera på 0,10 vektprosent. Det vil i praksis bety at tungolje blir forbode. Skipa som i dag nyttar tungolje i kombinasjon med reinsesystem, må gå over til marindiesel når dei er i verdsarvfjordane.

Cruiseskip kan ha fleire typar drivstoff om bord, og seglasen og opphaldet i verdsarvfjordane er relativt kort. Derfor meiner Sjøfartsdirektoratet at det ikkje kostar reiarlaga så mykje å bruka eit reinare drivstoff.

For passasjerar på cruiseskip og innbyggjarar i området vil dette ha ein positiv effekt, meiner direktoratet.

Null NOx – på sikt

Gjennom ein internasjonal traktat, kalla MARPOL, forpliktar sjøfartsnasjonar seg til å redusera utslepp frå skipsfarten. Sjøfartsdirektoratet har tatt utgangspunkt i MARPOL når det har justert dei norske særkrava.

Det spesielle med dei nye norske krava er at dei gjeld skip uavhengig av byggjeår. Reglane vil hindra eldre skip å segla i områda med restriksjonar.

I verdsarvfjordane gjeld nivå I-krava i MARPOL frå 1. januar 2020. Då er det forbode å bruka ein dieselmotor som er installert på eit skip som er bygt mellom 2000 og 2011.

Frå 1. januar 2022 gjeld nivå II-krava. Då blir det forbode å bruka ein dieselmotor som er installert på eit skip bygt i 2011 eller seinare. Frå 2025 er bruk av ein dieselmotor forbode. Nivå III-krava betyr i praksis nullutslepp.

Sjøfartsdirektoratet kan gi dispensasjon frå nivå I-krava dersom skipet innfrir nivå III-krava seinast frå 1. januar 2022. Dette kan vera aktuelt for nokre av dei nye skipa som Hurtigruten byggjer.

Kva med kloakken?

Utslepp av kloakk og gråvatn blir forbode frå i år. Forbodet mot kloakkutslepp gjeld fartøy som er sertifisert for meir enn 15 personar. For skip som er sertifisert for meir enn 100 personar, er det ikkje tillatt å sleppa ut gråvatn.

Gråvatn er vaskevatn frå oppvask, handvaskar, dusjar, vaskeri og badekar og liknande.

Sjøfartsdirektoratet kan fram til 2024 gi løyve til utslepp av kloakk i verdsarvfjordane til skip som går i ruter på anbod, og til skip som driv etablert fjordcruise der.

Korleis skal ein kontrollera dette?

Det er Sjøfartsdirektoratet som er kontrollstyresmakt.

– Sjøfartsdirektoratet kjem til å følgja opp krava gjennom utsleppsmålingar og inspeksjonar om bord på fartøya, opplyser direktoratet i ei pressemelding.

Påverkar det besøkstala?

Mange cruiseanløp blir booka fleire år på førehand. Fleire av dei store cruisereiarlaga har uttrykt bekymring og sagt at miljøkrava betyr færre cruiseskip til verdsarvområdet. Så langt er det ingen indikasjonar på at det har komme færre bestillingar som følgje av krava. Desse skal gradvis skjerpast og difor kan det komma avbestillingar, seier fleire av hamnene Nynorsk pressekontor har vore i kontakt med.

I Vik i Sogn ser det ein stor auke frå 2017 til 2018 og ein endå større auke til neste år. Det kan henge saman med at cruisehamna ligg utanfor verdsarvområdet og slik ikkje blir ramma av dei nye miljøkrava, opplyser kommunen.

Etter Bergen og Stavanger er Geiranger den hamna som tar i mot flest turistskip i Noreg. Saman Hellesylt ligg Geiranger an til å få 366 anløp i år. Stranda hamnestell ventar ein framleis auke i talet på anløp og passasjerar i åra som kjem, men er budd på at det kan komma avbestillingar.

Korleis påverkar det lokalt næringsliv?

Ein rapport frå Menon Economics frå i fjor konkluderte med at miljøkrava kan gi eit tap på 250 millionar for norsk reiseliv.

Det er særleg krava til NOx-utslepp og til utslepp av vaskevatn frå scrubberar som slår ut negativt for næringslivet lokalt. Desse tiltaka gjer at eldre cruiseskip vel ei anna hamn. Konsulentane i Menon meiner ein kan venta seg at skip flyttar seg frå Flåm og Geiranger til cruisehamner som Olden/Loen, Skjolden og Åndalsnes i perioden 2020–2025.

Reglane skulle tre i kraft frå 1. januar, men høyringa måtte tilfredsstilla EU-krav til tidsfristar og blei derfor utsett til 1. mars. Klima- og miljødepartementet forventar at dei nye krava vil gi ein reduksjon av utsleppa allereie frå sommaren av.

Artikkeltags