Kan tvinge Rogaland inn i Vestlandsregionen

Oslo  20160421.
Helge Andre Njåstad (Frp) saman med André N. Skjelstad fra Venstre (t.v) og kommunalminister Jan Tore Sanner (H) under presentasjon av det nye inntektssystemet for kommunane.

Oslo 20160421. Helge Andre Njåstad (Frp) saman med André N. Skjelstad fra Venstre (t.v) og kommunalminister Jan Tore Sanner (H) under presentasjon av det nye inntektssystemet for kommunane. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

REFORM: Stortinget bestemmer, slår Helge André Njåstad (Frp) fast.

DEL

Frp i Rogaland går mot samanslåing med Hordaland og Sogn og Fjordane, det kan vippe fleirtalet i fylkestinget. Ifølge Bergens Tidende kan fylkeslaget tenke seg å snakke meir med Hordaland, men ikkje Sogn og Fjordane.

Men partikollega og leiar for kommunal- og forvaltningskomiteen Helge André Njåstad vil ikkje garantere at Rogaland får velje fritt.

– Eg håpar jo i det lengste at alle skal ønske det same, men om det ikkje skjer, må Stortinget bestemme kva som er viktigast, seier Njåstad til Bergens Tidende.

I Sogn og Fjordane, og truleg også Hordaland, ser det ut til å bli fleirtal for intensjonsavtalen om ny Vestlandsregion.

Artikkeltags