Stor snøskredfare i indre strøk av Vestlandet

STOR SKREDFARE: Eit helikopter frå Norsk Luftambulanse med peileutstyr deltok i ei skredøving under opninga av Røde Kors' nye testsenter for sende/mottakarutstyr i Myrkdalen utanfor Voss 6. mars. For tida er skredfaren høgst reell.

STOR SKREDFARE: Eit helikopter frå Norsk Luftambulanse med peileutstyr deltok i ei skredøving under opninga av Røde Kors' nye testsenter for sende/mottakarutstyr i Myrkdalen utanfor Voss 6. mars. For tida er skredfaren høgst reell. Foto:

Av

Regn og varmare vêr fører til at snøskredfaren er stor i Indre Fjordane, Voss og Hardanger.

DEL

Det er sendt ut snøskredvarsel med raudt farenivå i varslingstenesta varsam.no.

Snøskredfaren aukar fordi temperaturen stig raskt, samtidig som det er meldt store mengder regn natt til torsdag.

Det er venta at det vil gå mange naturleg utløyste skred natt til torsdag og torsdag formiddag. Skredfaren vil deretter avta noko, men skredfaren vil halde fram også etter at den meste intense nedbøren er over.

Artikkeltags