Varierande kor tjukk isen er. NVE: – Følg isvarsel!

RYKTE UT: Tysdag rykte brannvesenet ut til vatnet Lona i Nordhordland, etter melding om at det var observert fleire ungar på det islagde vatnet. Etter nokre timar var konklusjonen at ingenting tyda på at nokon hadde gått gjennom isen, men leitemannskapet var førebudde på verst tenkelege utfall.

RYKTE UT: Tysdag rykte brannvesenet ut til vatnet Lona i Nordhordland, etter melding om at det var observert fleire ungar på det islagde vatnet. Etter nokre timar var konklusjonen at ingenting tyda på at nokon hadde gått gjennom isen, men leitemannskapet var førebudde på verst tenkelege utfall. Foto:

Mange vatn i fjellet er islagde, men det er stor forskjell på kor tjukk isen er i låglandet, melder NVE. – Vis ungane kvifor det isen er farleg, oppfordrar dei.

DEL

– Å ferdast på blank stålis er ei stor naturoppleving, men det inneber også farar om ein ikkje brukar fornufta og sikrar seg, skriv NVE i ei pressemelding.

Frå torsdag slår det om til mildare vêr på Vestlandet.

Oppfordrar til å lese seg opp

NVE oppfordrar folk til å bruke varsom.no, der ein kan finne isvarslar og opplæringsstoff for å ferdast tryggare på islagde vatn.

– Is smeltar sakte og toler ein god del mildvêr. Den smeltar raskast når det bles kraftig, og nedbør gir meir vatn i bekkane og svekker isen raskt ved alle innløp, utløp og i tronge sund, skriv NVE.

Ungar på isen

– Nylagt is er ein magnet på utforskande ungar, og iskunnskap må lærast, seier Ånund Kvambekk frå isvarslinga i NVE.

Mange bur nær ein liten pytt eller elv som blir islagt.

– Ta ungane med til isen og vis dei kvifor det er farleg. La dei halde handa i vatnet og kjenne kor fort dei blir kalde. Hell vatn på isen og vis kor glatt den blir, så dei skjønar kvifor dei ikkje vil klare å komme opp igjen av holet utan hjelp, er rådet.

Tysdag rykte brannmannskap i Nordhordland ut etter ein observasjon av ungar på eit islagt vatn. Etter leiteaksjonen skreiv brannvesenet på sin Twitterkonto:

– 110-Sentralen oppmodar til å vise respekt for islagde vatn og ikkje bevege seg ut på nokon stader med mindre der står skilt om at isen er trygg. Det er forbunde med livsfare viss ein er uheldig og går gjennom isen. Pass på kvarandre og nøl ikkje med å ringe nødnummer ved uhell.

Artikkeltags