Fleire vegar framleis stengde

STORMEN: Slik såg det ut på Solvang i Førde tordag morgon. Fleire vegar er stengde etter stormen som herja i natt.

STORMEN: Slik såg det ut på Solvang i Førde tordag morgon. Fleire vegar er stengde etter stormen som herja i natt. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Frå onsdag kveld klokka 18 til torsdag morgon fekk politiets operasjonssentral på Vestlandet melding om 133 naturskadar. Fleire vegar er framleis stengde torsdag ettermiddag.

DEL

Det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, melder politiet på Twitter.

Ras, tak som er rivne av husa, tre som har blåse ned og treft bilar, fritidsbåtar som har slite seg.

Torsdag klokka 13.15 er framleis fleire vegar stengde på grunn av uvêr:

  • Fylkesveg 609 ved Hundsåna mellom Førde og Askvoll er framleis stengd på grunn av fleire ras. Vert ikkje opna i dag (torsdag).
  • Fylkesveg 63 mellom Lavik og Løland bru i Hyllestad er stengt ved Trangane, på grunn av velta tre. Ny vurdering klokka 14 torsdag.
  • Fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet er stengt på grunn av uvêr.
  • Fylkesveg 258, Gamle Strynefjellsvegen, stengt på grunn av uvêr. Vert ikkje opna i dag.
  • Fylkesveg 92 mellom Vikøyri og Arnafjord i Vik kommune er stengt inntil vidare på grunn av oppryddingsarbeid.

Her kan du sjekke oppdaterte vegmeldingar frå Vegvesenet.

Det er mykje vatn i vegbana mange stader, og trafikkantane må vere merksame på tre som kan sperre vegane.

Har du bilde av uvêret eller skadane etter det? Send oss bilde på Facebook eller redaksjon@firda.no!

Artikkeltags