Tredobling i talet på snøskred på norske vegar

TREDOBLING: Det har gått fleire og fleire snøskred på det norske vegnettet. Arkivbildet er frå eit ras i Kjøsnesfjorden.

TREDOBLING: Det har gått fleire og fleire snøskred på det norske vegnettet. Arkivbildet er frå eit ras i Kjøsnesfjorden. Foto:

Av

I 2018 var det 318 snøskred på det norske vegnettet, noko som er over 200 fleire enn to år tidlegare. Statens vegvesen trappar opp snøskredvarslinga i vinter.

DEL

I 2017 gjekk det 135 snøskred på norske vegar, noko som var litt fleire enn i 2016 då det gjekk 112 snøskred på vegnettet i Noreg, ifølgje ein rapport frå Statens vegvesen. På tre år har det vore nesten ei tredobling i talet på snøskred, skriv Nationen.

Så langt i år er det registrert 25 snøskred på vegnettet. Dei fleste har vore i Midt-Noreg, på Vestlandet og i Nord-Noreg.

– Store snøfall og til dels brå vêrendringar i fleire delar av landet dei siste dagane, kan føre til ein del snøras over vegnettet også i vekene som kjem, seier overingeniør Knut Inge Orset i Statens vegvesen til Nationen.

Vegvesenet har engasjert 90 snøskredobservatørar, som er knytte til NVE, Statens Vegvesenet eller Meteorologisk institutt, fordelt over heile landet for å følgje ekstra godt med i vinter. Desse skal sjekke skredfaren i landet kvar veke fram til slutten av mai.

Tysdag var det betydeleg snøskredfare i Vest-Finnmark, Nord-Troms, Lyngen, Sør-Troms, Indre Troms, Lofoten og Vesterålen, Ofoten, Salten og Svartisen. Også i Heiane i Rogaland er snøskredfaren på nivå 3, ifølgje Varsom.no.

Artikkeltags