Naturvernforbundet vil flytte sauehaldet til Vestlandet

SAU BERRE PÅ VESTLANDET: Stein Johan Warland i Naturvernforbundet i Rogaland foreslår at sauehaldet burde bli styrt mot Vestlandet, medan austlandsbøndene får ansvar for produksjon av storfe, kylling og gris.

SAU BERRE PÅ VESTLANDET: Stein Johan Warland i Naturvernforbundet i Rogaland foreslår at sauehaldet burde bli styrt mot Vestlandet, medan austlandsbøndene får ansvar for produksjon av storfe, kylling og gris. Foto:

Av

LANDBRUK: Stein Johan Warland i Naturvernforbundet i Rogaland foreslår å flytte sauehaldet til Vestlandet for å gi rom til ulven i aust.

DEL

I eit innlegg på NRK Ytring diskuterer Warland moglege tiltak for at både sauen og ulven skal kunne leve i norsk natur utan at det skal føre til auka kostnader for bøndene.

I innlegget argumenterer han for at det ikkje blir lønnsamt å tilsette gjetarar eller setje opp straumgjerde, og at gamle sauerasar også vil vere i fare.

– Det einaste alternativet som gjer det mogleg å ha ein livskraftig ulvebestand utan å redusere talet på sau, er å ha sauane på ein stad og ulvane på ein annan, konkluderer han.

Ettersom ulvesona strekk seg austover inn i Sverige, meiner Warland det er naturleg at ulven får førsterett til naturen på Austlandet, medan sauehaldet heller burde leggjast på Vestlandet.

Han trekker fram fleire fordelar ved å flytte sauehaldet vestover, mellom anna at beitesesongen er lengre og at sauen kan bidra til å ta vare på kulturlandskapa.

Artikkeltags