2553 tok Skyliften på ein dag

REKORD: Så langt i sommar har 160.000 menneske teke Loen skylift.

REKORD: Så langt i sommar har 160.000 menneske teke Loen skylift. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Reiselivsaktørar på heile Vestlandet rapporterer om besøks- og omsettingsrekordar denne sommaren.

DEL

Det skriv NRK, som har vore i kontakt med reiselivsaktørar over heile Vestlandet.

– Vi har aldri sett så mykje folk. Så langt er auken i omsetninga på over 20 prosent. Vi klyp oss litt i armen, seier Inge Melkevoll ved Melkevoll Bretun ved Briksdalsbreen i Sogn og Fjordane til statskanalen.

Rekordsommar

Fløybanen i Bergen knuste månadsrekorden i juli, då 403.000 passasjerar løyste billett. Loen Skylift sette ny dagsrekord 1. august med 2.533 passasjerar og gondolbana har hatt 160.000 påstigingar så langt i år. Også selskapet Fjord Tours som opererer med turar i fleire fylke rapporterer om auke.

– Vi har ein auke på 9,6 prosent. Det ser dermed svært lyst ut med tanke på ein ny rekordsommar, seier ein svært nøgd dagleg leiar Steinar Aase i Fjord Tours til NRK.

Også lengst sør på Vestlandet er dei nøgde med sesongen. Elisabeth Saupstad i Region Stavanger trur 2018 blir det beste reiselivsåret for regionen nokon gong.

Artikkeltags