Laurdag er det handballgalla i Bergen. Den kan du følge direkte

Marie Davidsen og Tertnes er klare for fest når den store håndballgallaen arrangeres lørdag kveld.

Marie Davidsen og Tertnes er klare for fest når den store håndballgallaen arrangeres lørdag kveld. Foto:

Denne helga arrangerer BA galla for handballen på Vestlandet.

DEL

BA: I haust arrangerte BA ein eigen galla for lokalfotballen. Arrangementet blei ein stor suksess, og no gjentar vi bedrifta med ein eigen galla for handballen på Vestlandet.

Eliteserie-medaljørane Tertnes kjem. Det same gjør Fyllingens eliteserielag på herresida. I tillegg har alle regionens lag i 1.- og 2. divisjon, utanom Os og Stord, meldt at dei kjem.

Gallaen vil som vanleg finne stad på Scandic Håkonsgaten, og det skal delast ut mange prisar. Det blir 250 inviterte gjester i salen, men du som abonnent kan sjå heile arrangementet direkte på BA.no/firda.no frå laurdag klokka 19.

– Tar dei på alvor

– BA blei kontakta av Norges Håndballforbund region vest rett etter at vi var ferdige med direktesendinga frå Lokalfotballgallaen i november i fjor. Dei ønska å gjere eit samarbeid med oss for å lage eit arrangement for handballen. Fantastisk gøy at idretten, i dette tilfellet handballen, ser at BA tar dei på alvor og vil ha oss med på laget, seier nyheitsredaktør i BA, Rune Eriksen.

– Vi har jobba med dette i heile vinter og gler oss stort til ei to timar lang direktesending. Vi skal dele ut 17 prisar og lage ein fest for handballen i Region Vest. Det fortener spelarane og klubbene etter ein lang og god sesong, fortset Eriksen.

Tertnes får medaljane

– Handballgallaen er nytt av året og ein konsekvens av handballforbundets avtale med Amedia som også då BA  og Firda er ein del av. Vi har tru på at denne type markeringar er bra for merksemda mot idretten vår, men også er ein flott måte å samle klubbane frå våre tre høgste nivå på. Vi trur at vi saman med BA klarer å løfte fram nokre av dei mange gode prestasjonane som både klubbar, lag og enkeltspelarar står bak. Dette blir ein stor kveld for handballen i region vest, seier Trygve Johnsen, som er kommersiell leiar i NHF region vest.

I tillegg til den tradisjonelle prisutdelinga, vil Tertnes-damene få tildelt sine velfortente bronsemedaljar for 3.-plassen i eliteserien denne sesongen.

– Det er ikkje så gøy å få medaljane på bortebane, så dette blir på ein måte vår seremoni. Det blir noko helt anna å få medaljane i denne settingen. Det er no vi skal feire seriebronsen, seier Tertnes-profil Thea Stankiewitcz.

– Vi gleder oss veldig til gallaen. Det er så utruleg kjekt at også handballen får denne typen merksemd, seier keeper Marie Davidsen.

– Alle er gira og gler seg. No snakkar vi berre om kva vi skal gå med! Du veit, sånne typiske jenteting, flirer Davidsen.

Artikkeltags