To av tre Vestland-leiarar til Bergen

FYLKESHOVUDSTAD: Frå 1. januar 2020 blir Sogn og Fjordane og Hordaland eitt fylke.

FYLKESHOVUDSTAD: Frå 1. januar 2020 blir Sogn og Fjordane og Hordaland eitt fylke. Foto:

Av

Så langt ligg det an til at 35 av 52 leiarstillingar i det nye Vestland fylke blir plasserte i Bergen. Det gjeld mellom andre fylkesrådmann Rune Haugsdal og fire av sju fylkesdirektørar.

DEL

På dei lågare nivåa er det dessutan avgjort at 30 av 44 seksjons- og mellomleiarar skal ha arbeidsstad i Bergen, skriv NRK.

– Vi skal ha leiarar som er plasserte i heile fylket, slik at vi har ei god merksemd mot heile den framtidige Vestland fylkeskommune, seier prosjektleiar og fylkesrådmann i det nye fylket Rune Haugsdal til NRK.

Haugsdal meiner fordelinga reflekterer aktivitetsnivået i Sogn og Fjordane og Hordaland.

Framleis står det att rundt 25 leiarstillingar på dei lågare nivåa, og fylkesadministrasjonen i Sogn og Fjordane opplyser til NRK at Leikanger og Førde kjem litt betre ut når desse er på plass.

Ordførar Jon Håkon Odd (Ap) i Leikanger ser med uro på fordelingstala. Han fryktar at Bergen blir eit svært sterkt sentrum når det femårige stillingsvernet for dei tilsette i Sogn og Fjordane går ut.

– Eg er redd for at fordelinga blir endå skeivare enn i dag på lang sikt, seier Odd.

Artikkeltags