Sjukefråværet aukar mest i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane hadde eit sjukefråvær på 4,8 prosent i andre kvartal. Det er ein aukning på 10 prosent.

DEL

I ei pressemelding frå NAV Vestland kjem det fram at sjukefråværet i Sogn og Fjordane har auka med 10 prosent sidan første kvartal.

– Auken i Sogn og Fjordane er størst blant kvinner og innan psykiske lidingar, står det i pressemeldinga.

Nav Hordaland og Nav Sogn og Fjordane slo seg saman frå nyttår. NAV Vestland har kartlagt sjukefråværet i alle bransjane for å få oversikt over sjukefråværet i Hordaland og Sogn og Fjordane, snart Vestland Fylke.

– Kartlegginga har gitt oss verdifull informasjon som viser at det er heilt riktig å gjere tiltak retta mot desse bransjane. Samstundes ser vi òg at dei har ulike utfordringar, og at fråværet varierer veldig innan kvar bransje, seier Anne Kverneland Bogsnes, direktør i Nav Vestland i pressemeldinga.

Det høgaste fråværet i Vestland finn ein innan helse- og sosialtenester (7,2 prosent), medan det er lågast fråvær innan informasjon- og kommunikasjonsarbeid (2,7 prosent).

Det er høgst sjukefråvær i aldersgruppa 60–69 år (6,1 prosent), og lågast blant dei under 25 år. I Sogn og Fjordane er det høgast fråvær i Gulen (6,0 prosent), medan Aurland (2,4 prosent) og Balestrand (3,4 prosent) har lågast.

Artikkeltags