Jon Askeland er offisielt valt til fylkesordførar i Vestland

NY JOBB: Leiar i fellesnemnda, Anne Gine Hestetun, gratulerer Natalia Golis, som den første fylkesvaraordførar i Vestland.

NY JOBB: Leiar i fellesnemnda, Anne Gine Hestetun, gratulerer Natalia Golis, som den første fylkesvaraordførar i Vestland. Foto:

Av

Jon Askeland (Sp) blei tysdag offisielt valt som fylkesordførar for det nye fylkestinget i Vestland. Det blei klart under det første fylkestingssamlinga i det nye fylket.

DEL

– Eg skal gjere mitt beste for oss alle i denne første perioden i Vestland fylke, sa nyvald Askeland på det første fylkestinget i Vestland. Han vart vald med 46 røyster. Silja Ekeland Bjørkly (H) fekk 19 røyster.

Natalia Golis (MDG) vart vald til fylkesvaraordførar med dei same røystene som fylkesordføraren.

At Askeland kom til å bli ny fylkesordførar har vore klart sidan midten av september. Då blei Senterpartiet einige med Ap, MDG, V, KrF og SV om å røyste for Askeland som ordførar. Også representantane frå Raudt og FNB røysta på Askeland. Representantane frå Høgre, Framstegspartiet og Pensjonistpartiet røysta på Ekland Bjørkly.

Kontrollutvalet vart samrøystes vald: Dan Femoen (H) leiar, Odd Erik Lind (FNB), Renate Møgster Klepsvik (Frp), Iril Schau Johansen (H), Lars M. Fjelstad (Sp), Jostein Ljones (Sp) og Ingrid Handeland (V).

Artikkeltags