Dette er Vestland Høgre si nominasjonsliste: Noralv Distad på andreplass

ANDREKANDIDAT: Noralv Distad frå Aurland.

ANDREKANDIDAT: Noralv Distad frå Aurland. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Bergensar valt som fylkesordførarkandidat.

DEL

– Tusen takk for tilliten. Eg ser fram til å gjere det eg kan for at vi neste haust kan få eit borgarleg fleirtal i den nye fylket.

Det seier Silja Ekeland Bjørkely i ei pressemelding.

Søndag vart ho valt som Vestland Høgre sin fylkesordførarkandidat. Noralv Distad frå Aurland vart valt som andrekandidat.

Dette er dei seks øvst på Høgre si liste til fylkestingsvalet i 2019:

1. Silja Ekeland Bjørkely, Bergen.

2. Noralv Distad, Aurland.

3. Dan Stian Femoen, Bergen.

5. Hanne Eva Husebø Kristensen, Kinn.

6. John Andre Kongsvik (ungdomskandidat), Bergen.

– Vi har fått eit team av veldig dyktige folk frå heile det nye fylket. Det er faktisk sånn at Høgre frå Sogn og Fjordane kan få fleire representantar inn i det nye fylkestinget enn i dag. Eg gler meg til valkamp med denne gjengen og til eit godt samarbeid i nye Vestland fylkesting, seier Bjørkely.

Artikkeltags