Dette er innstillinga til fylkesvåpen for Vestland

DETTE VIL DEI HA: Fylkesvåpenet som Fellesnemda for Vestland fylkeskommune har gitt si innstilling til, skal førestille eit fjordlandskap i blått og sølv.

DETTE VIL DEI HA: Fylkesvåpenet som Fellesnemda for Vestland fylkeskommune har gitt si innstilling til, skal førestille eit fjordlandskap i blått og sølv. Foto:

Av

Fellesnemnda for Vestland fylkeskommune har levert innstillinga si til nytt fylkesvåpen for Vestland.

DEL

Då fellesnemnda torsdag innstilte på fylkesvåpen for Vestland, hadde politikarane fleire ulike fargekombinasjonar å velje mellom. Dei gjekk for fargane djup blå og sølv, melder Hordaland fylkeskommune.

Da fellesnemnda i 2017 la opp til ein open prosess rundt det nye fylkesvåpenet, kom det i første runde i den opne innspelsfasen inn over 600 forslag. Motivet som gjekk mest igjen, handla om fjord og fjell. Folkefavoritten hadde eit kart som motiv – eit forslag som fagkomiteen vurderte som ikkje eigna.

Det blei òg arrangert ein designkonkurranse der ulike designbyrå utarbeidde motiv på grunnlag av forslag frå fagkomiteen i prosjektet.

I mars i år vart arbeidsutvalet i fellesnemnda for nye Vestland fylke einige om å arbeide vidare med eit fjordlandskap som nytt fylkesvåpen. No har dei også bestemt kva farge dei vil ha på våpenet.

Fylkestinga i Sogn og Fjordane og Hordaland skal avgjere kva som blir det nye fylkesvåpenet i juni. Begge fylkestinga må vedta fylkesvåpenet for at det skal bli tatt i bruk når dei to fylka blir slått saman til Vestland fylkeskommune 1. januar 2020.

Artikkeltags