Vestland set av 2 millionar til dagsturhytter

HYTTE: Alle kommune i Sogn og Fjordane har fått dagsturhytte. No skal prosjektet vidareførast i det nye fylket. Bildet syner dagstyrhytta Fjellro i Jølster.

HYTTE: Alle kommune i Sogn og Fjordane har fått dagsturhytte. No skal prosjektet vidareførast i det nye fylket. Bildet syner dagstyrhytta Fjellro i Jølster. Foto:

Av

Samarbeidspartia i Nye Vestland fylkeskommune set av 2 millionar til å bygge fleire dagsturhytter i Vestland.

DEL

– Satsinga på dagsturhytter er eit resultat av ønsket om å få fleire i fysisk aktivitet, seier fylkestingsrepresentant Alexander Fosse Andersen (Sp) i ei pressemelding.

Dagsturhytteprosjektet vart utvikla i Sogn og Fjordane for å få fleire turgåarar og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Sparebankstiftinga/Sparebanken Sogn og Fjordane og kommunane, skriv Hardanger folkeblad. Dagsturhyttene i Sogn og Fjordane vart raskt populære og har hatt om lag 250.000 besøk fram til no.

– Ved å løyve ytterlegare 2 millionar til dagsturhytteprosjektet vil det vere mogleg å byggje fleire dagsturhytter i Vestland, seier Andersen.

Fylkestinget i Hordaland vedtok i juni 2019 å løye 2 millionar til eit dagsturhytteprosjekt i Hordaland. Dette bidraget held i fyrste omgang til 10 dagsturhytter.

Fylkestinget 17. og 18. desember skal endeleg godkjenne det første budsjettet for Vestland fylkeskommune. Vestland fylkeskommune får eit budsjett på 14,6 milliardar kroner i 2020. Av dette går 8,7 milliardar kroner til netto driftsutgifter og 5,9 milliardar kroner til investeringar, skriv Vestland fylkeskommune på si nettside.

Artikkeltags