Vestlandsbygd lét barnefamiliar prøvebu bygda

Av

Utviklingslaget i Kolset krins i Bremanger la bygda ut på Finn.no for å tiltrekkje seg fleire barnefamiliar. Hittil skal to barnefamiliar prøvebu bygda.

DEL

Annonsen lokka barnefamiliar til bygda med lovnader om gratis bustad, ingen kø, lite mas og ingen kollektivtrafikk som bestemmer tida. No skal to barnefamiliar, ein frå Trøndelag og ein frå Kongsberg, prøvebu bygda i eitt år, skriv NRK.

– No skal vi halde fram med prosjektet, men utfordringa blir å skaffe nok bustadar. Vi oppmodar folk i bygdene med tomme hus til å leige dei ut i ein lenger eller kortare periode, seier Åse Leirgulen, som sit i styret for utviklingslaget.

Utviklingslaget sponsar tre månader med husleige per barn, som dei nyttar oppsparte middel til å finansiere.

Artikkeltags