Hestetun og Helle toppar Ap-lista

TOPPAR LISTA: Anne Gine Hestetun frå Bergen og Arve Helle frå Fjaler er toppkandidatane for Vestland Ap.

TOPPAR LISTA: Anne Gine Hestetun frå Bergen og Arve Helle frå Fjaler er toppkandidatane for Vestland Ap. Foto:

VESTLAND: Arve Helle meiner det no er rett og viktig å tenke som eitt fylke. Til veka skal han sørover for å gjere seg betre kjend med utfordringar i Hordaland.

DEL

– I løpet av dei siste månadane har eg blitt kjend med mange flotte folk i Hordaland, eg trur dette skal bli eit bra opplegg, seier Arve Helle som nettopp er vald til 2.-kandidat for Vestland Ap.

Vi må heilt ned på femteplass for å finne nummer to frå Sogn og Fjordane. Og av topp ti er det berre tre kandidatar frå gamlefylket. I debatten var det representantar oppe for å streke under ei litt skeiv fordeling, men det kom ingen framlegg om endring.

– Med eit så stort fylke vil det ikkje vere plass til at alle er representerte i toppen av lista. Det betyr også at det kviler eit særskilt ansvar på oss som står der. Vi må sjå heile fylket, seier Helle.

Vil ikkje ha Sogn og Fjordane-fraksjon

Helle meiner ein ikkje vil vere tent med Sogn og Fjordane-fraksjonar i det nye fylket, og meiner møtet i helga var ein god start på samarbeidet.

– No blir det forventningar om at eg skal vareta Sogn og Fjordane sine interesser, men eg er først og fremst vald på programmet til Vestland Ap. Vi skal sjå heilskapen, og utfordringane i Hordaland er mykje dei same som i Sogn og Fjordane, seier Helle.

Til veka skal han sørover for å delta på årsmøta i Bømlo og Kvam Ap for å gjere seg endå betre kjend med utfordringane sør i det nye fylket.

Frå det heilt nye programmet til Vestland Ap trekker Helle fram desentralisert skulestruktur for vidaregåande skular og politikk for å få til det grøne skiftet.

– Det handlar om krava ein stiller. Fylkeskommunen er ein stor aktør, særleg i samferdsle og kollektivtransport, og vi kan stille krav i anboda. Det oppfattar eg at det etter kvart har blitt stor oppslutning om, og næringslivet i Sogn og Fjordane er på mange måtar i front.

Her er topp ti-lista

  1. Anne Gine Hestetun 1962 Bergen
  2. Arve Helle 1971 Fjaler
  3. Jannicke Clarke 1981 Askøy
  4. Emil Gadolin 1992 Bergen
  5. Karianne Torvanger 1978 Kinn
  6. Stian Jean Opedal Davies 1995 AUF
  7. Kine Bratli Dale 1985 Bergen
  8. Torbjørn Vereide 1989 Gloppen
  9. Nina Bognøy 1971 Alver
  10. Rasmus Laupsa Rasmussen 1986 Bergen

  Listetop


Artikkeltags