Vest politidistrikt får 17 nye stillingar

NYE STILLINGAR: Politiet får nye stillingar. – Dei nye stillingane vil komme godt med i det viktige arbeidet, seier Frida Melvær.

NYE STILLINGAR: Politiet får nye stillingar. – Dei nye stillingane vil komme godt med i det viktige arbeidet, seier Frida Melvær. Foto:

Men det er uvisst kor mange som blir plassert i Sogn og Fjordane.

DEL

– Det er svært gledeleg at politidistrikta vert styrka med totalt 186 nye politistillingar, seier Frida Melvær (H),medlem av stortingets justiskomitè i ei pressemelding.

Vest politidistrikt får 17 av stillingane og er blany dei politidistrikta som får flest nye stillingar i 2019.

– Vest politidistrikt kjem også godt ut i den økonomiske fordelinga mellom distrikta med ein vekst på 5,5 prosent - nær 66,2 millionar kroner, seier ho.

Kor mange av desse stillingane som blir plassert i Sogn og Fjordane er ikkje klart.

I tildelingsbrevet frå Justis- og beredskapsdepartementet blir særleg innsatsen mot vald og overgrep mot barn og den aukande nettrelaterte kriminaliteten vektlagt.

– Dei nye stillingane vil komme godt med i dette viktige arbeidet mot vald og overgrep, seier ho, og legg til:

– Landet under eitt er no svært nær målet om to politifolk per 1000 innbyggjar. I budsjettet for 2019 er det politidistrikta som har fått den største veksten med ei gjennomsnittleg auke på 5,1 %. Til samanlikning blir Politidirektoratet tatt ned med 8 %.

Artikkeltags