Vi har hatt ein varm og tørr vinter – her var det varmast

VARMAST: Ytterøyane fyr målte i snitt ein temperatur på 5,1 grader i vintermånadane desember–februar.

VARMAST: Ytterøyane fyr målte i snitt ein temperatur på 5,1 grader i vintermånadane desember–februar. Foto:

Vinteren 2018/2019 vart ein av dei tjue varmaste vintrane sidan målingane starta for 119 år sidan.

DEL

I vinter har Sogn og Fjordane hatt temperaturar på mellom to og tre grader over det som er normalt for perioden desember-februar. Det viser Meteorologisk institutt sin rapport for årets vintersesong.

Vi har også hatt det noko tørrare enn vanleg. Store delar av Vestlandet fekk kring 75 til 100 prosent av den nedbøren som brukar å komme. På Austlandet, i Midt-Norge og i Nord-Norge har det stort sett regna meir enn vanleg, nokre stader 200 til 300 prosent over normalen. I gjennomsnitt regna det 120 prosent meir enn normalen denne vinteren.

Men i Sunnfjord var det tørrare. Her fekk vi berre 50 til 75 prosent av den normale nedbøren. Det same gjaldt delar av Indre Sogn, Hardanger og i fjellområda frå Hovden og sørover.

Varmast i Florø

Vintersesongen 2018/2019 vart ifølge Meteorologisk institutt ein av dei 20. varmaste vintrane i ein serie som går tilbake til år 1900. Den varmaste vinteren er framleis 1991/1992 med 4,3 grader over normalen, medan den kaldaste vinteren fann stad i 1965/1966, kring 4,7 grader under normalen.

Dei største avvika for årets sesong finn vi i høgareliggande strok i Sør-Norge, med rundt fire grader over Normalen. I Sogn og Fjordane var det Ytterøyane fyr i Flora som hadde høgast gjennomsnittstemperatur i vinter, med 5,1 grader. Det er 2,2 grader over normalen.

For februar viser kartet frå Meteorologisk institutt at store delar av Sunnfjord hadde temperaturar mellom fire og fem grader over normalen. I same periode hadde vi frå 75 til 100 prosent av den nedbøren vi normalt får. Litt våtare, men framleis ikkje like vått som ein skulle vente.

Ny varmerekord for februar

Med lite nedbør vart det ikkje sett ein einaste nedbørsrekord, men fleire av temperaturrekordane strauk med i varmen.

Takle i Gulen sette ny varmerekord for februar med 12,5 grader. Den gamle varmerekorden var 11,6 grader sett 7 februar i 1990. Målingane på denne stasjonen har gått føre seg sidan 1957.

Målestasjonen Svelgen II i Bremanger sette ny fylkesrekord. Her vart temperaturen målt til 15,5 grader den 23. februar. Det er 0,2 grader over den førre fylkesrekorden, som vart sett ved Tønjum i Lærdal 6. februar i 1990.

Elles vart det målt rekordtemperaturar ved stasjonane Kroken i Stryn (14 grader) og Kråkenes i Vågsøy (12,5 grader).

Artikkeltags