Mars var kaldare og tørrare enn normalt: Sjå kor det var kaldast i fylket

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FYLKET: Ved Breheimsenteret i Jostedalen blei dei målt heile 28 minusgrader i mars. Klikk deg rundt i grafikken for å få oversikt over mars-vêret.

DEL

Opplevde du mars månad som ekstra kald? Det har du heilt rett i. Mars var også tørrare enn normalt over det meste av landet.

Hos Meteorologisk institutt samanliknar ein tala med perioden 1961 til 1990, og bortsett frå på Svalbard har temperaturane i mars vore kaldare enn normalen.

– Grunnen til den ekstra kalde månaden er rett og slett at landet har lege i kald luft frå nord og at den milde lufta frå sør ikkje har greidd å trenge inn, seier statsmeteorolog Terje Alsvik Walløe til NTB.

Den lågaste temperaturen i mars i Sogn og Fjordane blei målt i Jostedalen. Onsdag 1.mars viste gradestokken der heile 28 kuldegrader.

I Oslo skulle døgnsnitt-temperaturen vore på 0 grader 17. mars, men det har framleis ikkje skjedd. Temperaturane i hovudstaden har i snitt lege på minus 2 til minus 2,5 grader i mars, noko som er 2,1 grader lågare enn normalen.

Kaldt

I Kristiansand er snittemperaturane i mars vore minus 1,3 grader – 2,3 grader under normalen. I Stavanger er snittemperaturen 1 grad – 1,7 grader under normalen. Bergenstemperaturane har vore på 0,8 grader i snitt – 2,5 grader kaldare enn normalt.

I Trondheim har det vore minus 2,6 grader i snitt, som også er 2,6 grader kaldare enn normalen. I Bodø har det også vore minus 2,6 grader i snitt. Det er 2 grader kaldare enn normalen. I Tromsø har dei hatt minus 5 grader i snitt. Det er 2,3 gradere kaldare enn normalt.

Finnmark har hatt dei lågaste temperaturane. Kautokeino har hatt noko av det kaldaste vêret, med minus 13,9 grader i snitt. Det er 3 grader kaldare enn normalt. Kun på Svalbard har temperaturane vore over normalen. I Longyearbyen har gradestokken i snitt vist minus 12,7, som er 3 grader over normalen.

Mindre nedbør

Der temperaturane har vore lågare enn normalt, har dei fleste stadar fått mindre nedbør. Oslo er eitt av stadene med minst nedbør, med 14 millimeter i mars. I Bergen har det komme 73 millimeter, noko som er under halvparten av normalen.

Lindesnes hadde 19,9 millimeter nedbør i mars, og dermed er rekorden i lite nedbør på 20,5 millimeter i mars 1998 slått.

Unntaka er Troms og Finnmark. Landets nordlegaste fylke har fått mest nedbør – mykje meir enn det som er vanleg i mars. Hammerfest er ein av stadane som har fått aller mest nedbør, med heile 133 millimeter.

I låglandet i Sør-Noreg vil det vere plussgrader heile døgnet den neste veka.

I Midt-Norge og Nordland vil minimumstemperaturen vere rundt 0 grader, mens folk i Troms og Finnmark framleis må belage seg på minusgrader i næraste framtid.

Artikkeltags