Det blir ei runde til med vind og regn. Så blir det betre, men kaldare

FIN HELG: Litt regn og vind onsdag og først på torsdag. Så kjem godvêret - og kulden.

FIN HELG: Litt regn og vind onsdag og først på torsdag. Så kjem godvêret - og kulden.

Artikkelen er over 1 år gammel

VÊR: Snøgrensa vil krype nedover. – Har du ikkje fått på vinterdekka enno, så er det nok på tide, seier meteorologen.

DEL

– Det blir nok ei runde til med vind og regn onsdag og første del av torsdag. Men så blir det betre, seier vakthavande meteorolog Marit Berger.

Onsdag og torsdag er det snø over 600–800 meter, men frå fredag av vil snøgrensa krype nedover, frå 400 til 700 meter.

– Det blir meir austavêr, og temperaturane kjem til å falle. Trøysta er at det gir mykje blå himmel og sol. Temperaturane vert ikkje så ille på dagtid, men ved klarvêr blir det kaldt om natta, seier Berger.

Ho lovar godvêr i helga, men seier det er meir usikkert utover neste veke.

Til helga vil temperaturane ligge rundt null. Litt over og litt under.

– Har ein ikkje skifta til vinterdekk enno, er det på tide å begynne å tenke seg om. Skal ein over fjellovergangar vil det vere heilt naudsynt. Til helga vil ein kunne trenge det over alt. Med temperaturar som svingar litt over og litt under null vil det nok bli glatt mange stader, seier Berger.

Artikkeltags