Uvêr stenger fleire vegar i fylket til over nyttår

HEMSEDALSFJELLET: Slik såg det ut på rv. 52 over Hemsedalsfjellet klokka 13.00 måndag.

HEMSEDALSFJELLET: Slik såg det ut på rv. 52 over Hemsedalsfjellet klokka 13.00 måndag. Foto:

VEG: Vegtrafikksentralen følgjer minutt for minutt. Vegar kan bli stengde på kort varsel.

DEL

Det er meldt mykje vêr i Sogn og Fjordane denne nyttårsaftan.

  • Fv. 8 mellom Oppedal i Gulen og Hest i Høyanger er stengt grunna fare for ras. Stenginga gjeld inntil vidare.
  • E39 Skredestranda mellom Nordfjordeid og Kjøs er stengt grunna jordras. Ny vurdering 1. januar klokka 10.00.
  • Fv. 610 ved Tormodset i Gaular stenger klokka 14.00 grunna fare for ras.
  • Fv. 609 ved Hundsåna i Førde stengt på grunn av steinras. Ny vurdering 1. nyttårsdag klokka 12.00.
  • Fv. 664 mellom Navelsaker og Fossebakken i Eid vert stengd frå klokka 16.00 grunna fare for ras.
  • Ferjesambandet Stårheim – Isane er innstilt resten av kvelden grunna vêrforholda.
  • Fjellovergangen Hol - Aurland er stengd grunna uvêr.

Klokka 13:34 meldte Vegtrafikksentralen at det var gått eit jordras på Skredestranda mellom Nordfjordeid og Kjøs.

– Raset dekkar heile vegen, og dei som meldte det inn sa at det framleis kjem jordmassar.  Det vil ikkje bli gjort noko med dette før i morgon, seier trafikkoperatør Jan Erikstad på Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Omkøyring er via E39 og fv. 60 via Utvikfjellet og Stryn.

Alle fjellovergangane er per no opne, men det bles godt, spesielt på rv. 52 over Hemsedalsfjellet.

– Der er det no full storm. Vinden skal minke frå klokka 18.00, men eg ville vurdert sterkt om det er naudsynt å køyre der i dag, seier trafikkoperatør Idar Sangolt hos Vegtrafikksentralen i Bergen.

Hald deg oppdatert på vegvesen.no.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags