Kolonnekøyring på fleire fjellovergangar

KOLONNE: På Vikafjellet er det kolonnekøyring. Her på Riksvei 13 ved Hola bom måndag morgon.

KOLONNE: På Vikafjellet er det kolonnekøyring. Her på Riksvei 13 ved Hola bom måndag morgon. Foto:

TRAFIKK: Mykje vind og nedbør har ført til kolonnekøyring på fleire fjellovergangar måndag morgon.

DEL

– På fjellovergangane er det både vind og mykje nedbør. Det er meldt dårleg vêr utover dagen. På fjellovergangane mellom aust vest er det berre Filefjell som er opent, seier trafikkoperatør, Idar Sangolt, i Vegtrafikksentralen.

Status fjellovergangar kl. 10.30:

  • E16 Filefjell: Kan bli kolonne.
  • E134 Haukelifjell: Kolonne.
  • Rv. 7 Hardangervidda: Stengt. Kolonne for køyretøy over 7,5 tonn.
  • Rv. 52 Hemsedalfjellet: Kolonne. Kan bli stengt på kort varsel.
  • Rv. 13 Vikafjellet: Stengt. Ny vurdering tysdag klokka 10.
  • Rv. 15 Strynefjellet: Kolonne.
  • Fv. 50 Aurland-Hol: Kolonne frå klokka 08.00.
  • Fv. 53 Årdal-Tyin: Stengt.
  • RV. 15 Strynefjellet: Stengt.
  • Rv. 5 Fjærland - Sogndal: Redusert sikt grunna snøfokk.

Brøyta i heile natt

Det har også kome mykje snø i Sunnfjord.

– I natt har det snødd ganske kraftig lokalt. Det har vore bilar ute som har strødd og brøyta i heile natt. Dei prioriterer hovudvegane i første omgang. Vi har så langt fått ei klage på E39 ved Førde, og den har blitt meldt vidare, opplyser Sangolt.

Han seier at det stort sett skal vere greie forhold på vegane.

– Men det kan vere enkelte område der det er glatt, så ein må vere litt obs.

Hald deg oppdatert på vegmeldingane på vegvesen.no

Artikkeltags