– Det er lov å tenke sjølv. Det er nok å sjå på kalenderen

SNØ: Slik såg det ut ved Grasdal på Strynefjellet litt over klokka 13.00 måndag.

SNØ: Slik såg det ut ved Grasdal på Strynefjellet litt over klokka 13.00 måndag. Foto:

No er det vinterdekk som gjeld viss du skal over fjellet.

DEL

– Vi fekk akkurat inn ei melding om at det snør på fv. 60 over Utvikfjellet. Vi har sendt entreprenør opp for å brøyte, seier Marius Rove på Vegtrafikksentralen.

Akkurat no er eit polart lågtrykk på veg innover mot Møre og Romsdal, og i løpet av ettermiddagen vil det snø frå ca. 300 meter over havet også her i fylket. Den kalde lufta fører også mykje vind med seg.

– Enkelte stadar vil det blåse sterk kuling frå nordvest. Vinden og nedbøren vil ha lokale forskjellar, men måndag vil vere den kaldaste. Frå og med tysdag skal temperaturen stige att, seier meteorolog Anne Solveig Andersen hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Skal du ut og køyre i høgareliggande strøk bør du ha vinterdekk, seier Rove.

– Riktig. Denne snøen kjem tydelegvis like brått på kvart år. Men det er lov å tenke sjølv. Det er nok å sjå på kalenderen det, seier trafikkoperatøren.

Har du bilde av snøvêret? Då vil vi gjerne ha! Send til redaksjon@firda.no.

Artikkeltags