Desse vegane er stengde

STENGT: Rv. 13 over Vikafjellet er stengt grunna uvêr. Slik såg det ut litt over 06.30 fredag morgon.

STENGT: Rv. 13 over Vikafjellet er stengt grunna uvêr. Slik såg det ut litt over 06.30 fredag morgon. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VEG: Ekstremvêret «Aina» skapar problem på enkelte vegstrekningar også fredag. Sjekk oversikta her.

DEL

Vegstrekningar:

SISTE: Klokka 21.12 melder Vegtrafikksentralen Vest at det er innført kolonnekøyring over rv. 52 over Hemsedalsfjellet.

Fv. 53 Tyin - Årdal er stengt på grunn av uvêr frå klokka 11.25.

Fv. 13 ved Vasskvia på Bell på Viksdalen er det manuell dirigering. Torsdag ettermiddag gjekk det et stort jordras over vegen, og ein skulebuss var nær å bli tatt av raset.

Rv. 13 over Vikafjellet er stengt grunna uvêr og fare for ras. Vegen blir ikkje opna att fredag.

Fv. 92 ved Stordalsstølen på grensa til Hordaland er stengt grunna uvêr. Ved Steinsland på fv. 345 er også vegen stengd grunna snøras.

Fv. 50 Hol – Aurland er stengt. Kolonnekøyring frå klokka 08.00, melder Vegtrafikksentralen.

Fv. 52 Tyin - Årdal er stengt grunna uvêr.

Rv. 15 over Strynefjellet er det snø- og isdekke og fare for glatte parti. Vegtrafikksentralen ber bilistar også å vere obs for elg.

Det er også verdt å merke seg at det er vegarbeid på fv. 423 mellom Bringeland og Førde lufthamn fredag. Vegen kan bli stengt i periodar på inntil 30 minutt i tidsrommet 08.00 til 22.00 fredag kveld.

Sjekk vindstyrke og vêrvarsel i ditt område ved å klikke deg rundt på kartet:

Ferjesamband:

Siste: Isane-Stårheim på fv. 614 er innstilt inntil vidare. Det er hller ikkje forventa at sambandet blir opna att i løpet av fredagen. Siste melding frå Fjord1 fredag kveld er at sambandet vil ha oppstart som normalt att laurdag morgon.

Leirvåg–Sløvåg på fv. 57 er innstilt grunna sterk vind.

Fjord1 si rute 1180 i Florabassenget har innstilt alle kveldsrutene grunna vêret.

Lavik - Oppedal på E39 hadde redusert kapsitet fredag føremiddag. No er begge ferjene tilbake i normal drift.

Rv. 55 Dragsvik–Hella–Vangsnes vart torsdag kveld innstilt grunna tekniske problem. Frå klokka 01.30 var ferja tilbake i normal drift.

Ekspressbåt:

Norled melder om kanselleringar i nordgåande rute mot Selje fredag kveld. Grunna vêrforholda vil båten ha endestogg i Askvoll.

Dette påverkar også avgangen laurdag morgon frå Selje. Ekspressbåten startar i Askvoll klokka 09.00.

Er du stader der vêret har gjort skade eller skaper problem? Tips oss, eller send bilder til Firda. Telefon: 57833333, epost: redaksjon@firda.no.

Vi held deg oppdatert utover dagen.

Artikkeltags