No kjem uvêret: Kolonne på Vikafjellet

DEL

På riksveg 134 over Vikafjellet er det no innført kolonnekøyring grunna uvêr. Første kolonne går frå Storehaugtunnelen klokka 15.00, opplyser Vegtrafikksentralen.

Laurdag blir ein våt dag, med om lag 20–30 mm med regn. Det blir middels med nedbør og den vil kome som regn. Ved kysten blir det kuling frå sør, seiermeteorolog Olav Krogsæter, meteorolog hos StormGeo til Firda.

Søndag har vi mykje meir nedbør i vente. Då kan det kome mellom 80–100 mm.

– Søndag ser ikkje bra ut. Vi kan vente oss ein del snøsmelting høgt til fjells og det kjem store nedbørsmengder. Det kan skape problem med fare for ras på utsette stader, seier meteorologen.

Artikkeltags