Ferja mellom Måløy og Oldeide stod i tre timar

DEL

Ferjesambandet vart innstilt i 18-tida tysdag grunna uvêr. Siste melding er at ferja startar opp igjen klokka 21.45 frå Måløy.

Det er meldt orkan ved Stad denne tysdagen, og den sterke vinden har allereie skapt problem. På Måløybrua velta ein lastebil, og i Solund er alle lokalbåtane innstilt.

Ekspressbåten til og frå Bergen og Selje har også kansellert alle avgangar denne dagen.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags