Det er sendt ut gult farevarsel: – Forventar 20 cm snø på 24 timar

MYKJE SNØ: Det er sendt ut gult farevasel på mykje snø i Sogn og Fjordane. Dette bildet illustrerer korleis det kan bli på fjellovergangar. Det kan komme opp til 20 cm på 24 timar.

MYKJE SNØ: Det er sendt ut gult farevasel på mykje snø i Sogn og Fjordane. Dette bildet illustrerer korleis det kan bli på fjellovergangar. Det kan komme opp til 20 cm på 24 timar. Foto:

Det er sendt ut gult farevarsel på mykje snø i Sogn og Fjordane frå natt til mandag.

DEL

– Det kjem eit polart lågtrykk frå Spitsbergen som gjer at vi forventar ein del snø på måndag, seier Kristin Seter, vakthavande meteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet.

Frå natt til måndag er det varsla om gult farevarsel om mykje snø i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Seter fortel at det er venta 10–20 centimeter med snø på 24 timar. Lokalt kan det også komme opp til 40 centimeter med snø. Særleg på fjellovergangane vil dette merkast.

Snø, vind og hagl

– Vi har sett snøgrensa til mellom 300–700 meter, seier meteorologen.

Seter utelukkar ikkje at snøen kan komme lågare enn 300 meter på grunn av vinden.

– Ut på kvelden søndag vil vinden auke til ein stiv kuling på kysten. Og på måndagen vil vinden kome frå nordvest og innlandet vil også merke den. Då kan vinden på utsette stader komme opp i ein stiv kuling. Vinden kan ta med seg snøbyene lengre ned enn den antekne snøgrensa, seier ho.

I tillegg til sterk vind og snø kan vi forvente regn og hagl.

– Ein kan forvente ein dag med kvit nedbør. Haglet vil nok komme ned til fjøresteinane sjølv om det er plussgrader.

Vinterdekk må på

Ronny Sleire, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen, seier at alle som skal køyre i høgda må skifte til vinterdekk.

– Når det er meldt eit slikt vêr så må ein ha vinterdekk, men ein må også køyre etter forholda, seier han.

Han oppfordrar bilistane til å tilpasse farten, og til å ha med godt med klede og utstyr.

– Det er også viktig å ha full tank på bilen og vere oppdatert på veg- og vêrmeldingane, seier han.

Ikkje same beredskap

Sleire fortel at ein må vere forberedt på stengde vegar og ventetid. Statens vegvesen har sendt ut farevarselet til alle sine operatørar.

– Men ein kan ikkje forvente same beredskap no som ein gjer midt på vinteren. Så dei som skal ut å køyre må vere klar over at det kan bli forseinkingar og stengde vegar.


Artikkeltags