Stor snøskredfare i Indre Fjordane

Vêrskifte gir farlege tilstandar i fjellet. NVE oppmodar at ein held seg unna terreng som er brattare enn 30 grader.

DEL

Denne måndagen er det stor snøskredvare i Indre fjordane, melder NVE.

Nedbør i kombinasjon med mildvêr vil truleg føre til våte naturlege skred.

– Høgt til fjells, der nedbøren kjem som snø vil det vere lett å løyse ut skred i fersk fokksnø. Det er lokale forskjellar på kor mykje snø som ligg i terrenget, og kor mykje nysnø og regn som kjem. Difor vil også skredfare variere i regionen, melder NVE.

Tips Oss
MMS: FITIPS til 2005 EPOST: redaksjon@firda.no TLF: 57 83 33 33

Artikkeltags