På torsdag kan det bli 20 grader

KAN BLI SOL: Kart som syner korleis vêret mest sannsynleg blir på torsdag kl. 10.00

KAN BLI SOL: Kart som syner korleis vêret mest sannsynleg blir på torsdag kl. 10.00 Foto:

På torsdag må du nyte vêret, for til helga kjem truleg regnet.

DEL

– I dag er det venta byevêr. Byene dannar seg ute i havet og beveg seg innover mot land. Det kjem mest nedbør i ytre strøk. Det er venta at dette held fram utover dagen. Det seier Lars Andreas Selberg, vakthavande meteorolog hos Meteorologisk institutt, onsdag føremiddag.

Byene minkar litt utover kvelden, då dreier vinden seg mot sørleg retning.

– Temperaturane er ikkje så mykje å skryte av. Det har vore snø på toppen av Skåla (fjell ved Loen red.mrk.). Temperaturane ligg på rundt ti grader. På fjellet er det rundt tre grader.

– Potensial for ein bra dag

På tysdag er det eit lågtrykk som går sørleg innover i Nordsjøen.

– Det er frålandsvind og det er ein god retning, med tanke på nedbør. I morgon er det potensial for ein bra dag. Temperaturane ser ut til å kunne nå 20 grader nokre plassar, seier meteorologen.

Ut på ettermiddagen vil det skye seg til, og det kan bli nedbør på kvelden og på natt til fredag.

– Første del av dagen blir det nok sol, så kjem det høge skyar etter kvart som vert lågare utover kvelden.

Vått inn mot helga

– Fredag ser førebels ganske skya ut og det blir stort sett opphald, med unntak av regn tidleg på dagen og på kvelden igjen, seier Selberg.

Ifølge langtidsprognosane ser det ut til at det blir veldig vått inn mot helga, ifølge meteorologen.

– Det positive er at vi har ein månadsvarsel som antydar at det vert opphald inn mot neste veke. Heller ikkje når det nærmar seg september ser det håplaust ut.

– Er det slutt på sommarvêret?

– Nei, det vil eg ikkje seie. I starten av juli var det kjempekaldt, men plutseleg vart det over 30 grader. Vi er inne i ein litt kjøligare periode no, og morgondagen ser veldig bra ut. Det er fort vi kan få dagar med over 20 grader ut i august og inn mot september, seier Selberg.

Artikkeltags