No er uvêret starta på kysten - er på veg innover

REGNBYER: Kraftige regnbyer på Øyrane i Førde rundt klokka halv seks onsdag ettermiddag.

REGNBYER: Kraftige regnbyer på Øyrane i Førde rundt klokka halv seks onsdag ettermiddag. Foto:

Regnet høljar ned ute. Men dette er berre begynnelsen. – Temperaturen fall fem grader på ein halvtime, seier Gustav Skaar i Stongfjorden.

DEL

– No er det begynt å tore også, seier Skaar like over klokka 18.

– Det verste vêret har ikkje treft land i Sogn og Fjordane endå. Men det nærmar seg. Det er allereie begynt i Rogaland og Hordaland, seier meteorolog Haldis Berge hos Vêrvarslinga på Vestlandet.

Ho seier at slik det ser ut klokka 17.15, så er det Hordaland som vi få dei kraftigaste byene.

– Men slikt bygevêr veit ein aldri heilt kor treff. Derfor held oppe vi farevarselet for Sogn og Fjordane også. Og det vil bli byer og torevêr. Men det ser ut som dei kraftigaste vil treffe Hordaland.

Her kan du sjå kor det lyner akkurat no

Dei kraftige byene vil først treffe kysten. Deretter vil dei trekke innover. Kraftigast bli uvêret i ytre og midtre delar av fylket.

– Men akkurat kor det blir kraftigast er det umogleg å seie på førehand, seier Berge.

Byene vil komme frå rundt klokka seks og vare utover kvelden, og kanskje natta.

Åtvarar bilistar

Vegtrafikksentralen vest melder at det er venta svært kraftige regnbyer og fare for overvatn og vassplanking. Det er også fare for bekke- og elveløpsendringar, og jord – og flaumskred. Dermed kan det også bli stengde vegar utover kvelden og natta.

Statens vegvesen ber trafikantar vurdere om dei kan utsette reisa til uvêret er over.

Dei legg til at dette særleg gjeld Nord-Rogaland, Hordaland, Sogn og Sunnfjord.

NO KJEM UVÊRET: Dette bildet viser uvêret som kjem innover kysten. Bildet er teke i Stongfjorden like før klokka 18.00

NO KJEM UVÊRET: Dette bildet viser uvêret som kjem innover kysten. Bildet er teke i Stongfjorden like før klokka 18.00 Foto:

Artikkeltags